Publisert av Rolf Klock
Ei spennande og utfordrandre stilling med moglegheit til å påverke samfunnssikkerheitsarbeidet i regionen.
Ålesund brannvesen KF er eit kommunalt føretak eigd av Ålesund kommune. Føretaket har ansvar for drift av brannvesenet i kommunane Ålesund, Giske og Sula. Brannvesenet si kjerneverksemd er brannførebygging og brann- og redningsarbeid. Vi er i dag ca. 265 medarbeidarar fordelt på 15 brannstasjonar og 3 depot.
Møre og Romsdal 110-sentral KF er alarmsentral for brannvesena i alle 26 kommunane i Møre og Romsdal, og er samlokalisert med Politiet i Ålesund. Vi skal sikre at befolkninga får rask og riktig hjelp i naudssituasjonar, og vere utrykningspersonellet sin støttespelar i aksjonar.
Brannsjefen er Ålesund brannvesen KF og Møre og Romsdal 110-sentral KF sin øvste leiar, og rapporterer til føretaka sine styre.
Viktige ansvars- og arbeidsområder:
Brannsjefen skal utøve myndigheit etter kommunelova § 9-11, 9-12, brann- og eksplosjonsvernlova og andre føresegner i lover, forskrifter og retningslinjer gitt av kommunale og andre offentlege myndigheiter.
Kvalifikasjonar:
Vi søker ein person med overordna leiarerfaring fra beredskapsarbeid, som er tillitsskapande, kompetent og ein god lagspelar. Vi søker ein som aktivt vil bidra til kontinuerleg fornying og forbetring av føretaka. Det stillast òg krav til:
Sjå Brann- og redningsforeskrifta § 45 for dei formelle krava til utdanning og erfaring for brannsjef.
Vi tilbyr:
For nærmare informasjon om stillinga kan du ta kontakt med Asgeir Berg, styreleiar i Ålesund brannvesen KF, tlf. 957 55 775, eller vår rådgjevar hos Capricorn AS, Rolf Klock, tlf. 905 37 898.
Søknadsfrist 29. mai 2023 Søk på stillinga